VØLT

Heidi Bjørnsdotter Thorvik

TILBOD OM KURS 2018

 

Har du lyst til å bli flinkare til å reparere, sy og bruke gamle material på nytt? 

Då vonar eg dette kan vere noko for deg.  

Eg nyttar i hovudsak resirkulerte material og tekstil i mine arbeid. På alle mine kurs vil eg formidle mi materialhistorie. Miljø og bærekraft er ei viktig drivkraft, gjenbruk og naturmaterial vil stå i fokus. Eg vil gi deg tips til korleis og kvar du kan leite etter gode material, og gi deg idear om korleis du kan lage dine eigne material. Du vil lære om ulike tekstilfiber, og kvifor eg velger naturfiber framfor kunstfiber. 

Du finn ein stad å vere, og samler ein gjeng på min 8 max 12 deltakarar. Eg kjem til dykk og held kurs. Som kursvert får du kurset gratis. Sykurs 1, 2 og 3 kan slåast saman slik at ein får fleire oppgåver å velge i. Eg kan også spisse kurs etter ønske.

Eg held også kurs for foreningar, organisasjonar og lag. Ta kontakt dersom du har noko du lurer på.   

Alle sykurs er lørdagskurs på 7 timar, og koster 950 kr pr deltakar. 

Broderikurs er kveldskurs på 4 timar eller lørdagskurs på 7 timar og koster 650/950 kr pr deltakar. 

 

1. PUTER

Dersom du er uerfaren på symaskin er det å sy puter ein fin stad å starte. Det fins mange ulike måtar å sy puter på, frå den aller enklaste med råkanter, til puter med meir avanserte detaljar. Du kan bruke mange ulike teknikkar og material, og få akkurat det utrykket du vil ha til huset, hytta eller hagen. Eg vil også vise deg ulike lappeteknikkar og gi deg tips til korleis du kan lage dine eigne material med ulike garnteknikkar før du syr.

Eg vil også gi deg tips til korleis du kan lage dine eigne knappar i bildekkgummi, tre og horn.

I bildene du ser her har eg bruka nokre av  mine favorittmaterial: Gamle lintekstil, gamle segldukar, kaffisekker i jute, gamle strikkaplagg, gamle militærtelt, gamle militærulltepper og handstrikka stoff med favorittgarn frå blant anna Rauma. 

Du må ta med eigen symaskin, sytråd, stoffsaks, knappenåler og gamle klær/tekstiler du vil lage puter av. Til dømes gamle strikkagensere som er vaska feil, gamle olabukser og gamle klær i bomull og lin. Dersom du velger å sy ei strikkepute kan det vere lurt å ha eit anna stoff på baksida. Det gjer puta lettare å sy. Det du elles treng av utstyr (stoffkritt, synåler, mønsterpapir og målbånd) kan du låne på kurset

Du kan vere både nybegynnar og ha syerfaring frå før. 

2.  REPARASJON OG REDESIGN

På dette kurset vil du lære korleis du på ulike måtar kan reparere klær både for hand og med symaskin, frå heilt enkle teknikkar til meir avanserte og "kunstneriske" teknikkar med handsaum. Klær kan reparerast på mange måtar. Eit øydelagt plagg kan til dømes lappast slik at plagget får eit nytt uttrykk. Du vil også få idear til korleis du  kan bruke gamle klær og tekstil til å lage nye plagg. Når eg arbeidar handlar det om å utnytte gamle material til å skape noko nytt. Ei herreskjorte blir til dømes ei ny barneskjorte, eit telt blir forkle, linbukser/olabukser/cordfløyelsbukser blir skjørt, og utslitne ullplagg blir vest, barnekjole, hals, lue eller pulsvarmarar. Du velger blant mine modellar og får vegledning til å gjennomføre det du vil lage.   

Du må ta med eigen symaskin, sytråd, knappenåler, stoffsaks, klær du ønsker å reparere og gamle klær/tekstiler du vil lage noko nytt av. Tynnare ullplagg som er vaska feil er til dømes perfekt dersom du vil arbeide med ull. Skal du lage skjørt treng du 2-3 bukser. Det du elles treng av utstyr (stoffkritt, synåler, mønsterpapir og målbånd) får du låne på kurset.

Du kan vere både nybegynnar og ha syerfaring frå før. 

3. VESKER

Dette er eit kurs i ulike måtar å sy vesker og etui på med utgangspunkt i gamle material. Frå enkle nett til vesker med skulderreim, lommar, foring og ulike lukkemåtar. Du vil også få tips til korleis du kan lage dine eigne knappar i bildekkgummi, tre og horn.

I bildene du ser under har eg laga vesker av: Gamle lintekstiler, gamle segldukar, gamle militærstoff og kaffisekker i jute. Kraftige og solide stoff er fint til vesker. Olabukser og liknande kvalitet er difor supert. Om du vil sy enkle nett kan du også bruke tynnare stoff. 

Du må ta med eigen symaskin, sytråd, knappenåler, stoffsaks og gamle tekstiler/klær du ønsker å bruke til ditt prosjekt. Du teng også tynnare stoff om du vil fore veska. Det du elles treng av utstyr (stoffkritt, synåler, mønsterpapir og målbånd) får du låne på kurset.  

Du kan vere både nybegynnar og ha syerfaring frå før.

4. FRITT BRODERI

Teknikken FRITT BRODERI vert også kalla "å tegne med nål og tråd". I prinsippet går det ut på å frigjere seg frå det ein tenker på som tradisjonelt broderi. Ein kan bruke tradisjonelle sting på ein friare måte, eller ein kan legge dei heilt bort, og berre stikke nåla fritt opp og ned gjennom stoffet. Eg har stor glede av å bruke teknikken på 5.-7. trinn i barneskulen. Her er ingen reglar, og teknikken passar difor på mange nivå.

Du vil få innføring i tekstbroderi, å "tegne" på frihand, å "tegne" etter eit bilde/tegning og å fylle flater. Eg vil også lære deg ulike stingtypar, og korleis du på ulike måtar kan montere eit broderiarbeid. Eg er glad i å brodere tegningar laga av mine barn, som du kan sjå og lese meir om under Vølehistorier/Struts med barn i magen. Ta gjerne med ei favoritttegning, om du har lyst til å prøve dette. Det er også fint om du har tenkt gjennom eit ord, setning, sitat, dikt eller song du likar dersom du vil arbeide med tekstbroderi. Du vil elles få inspirasjon og idear på kurset. Du må ta med stoff du vil brodere på. Lin og bomull er fint, og gjerne brukte stoff. Gamle laken er supert. Tråd til å sy med får du av meg. Det du elles treng av utstyr (saks, synål, broderiramme) kan du låne på kurset.